Lovsong

Høgstemt lovprising!
Lovsong innan kristen songtradisjon oppstår som ein naturleg følge av respekt og kjæleik til Jesus og Gud. Den vert sunge som ein bøn i takksemd for alt som Gud har gjort for menneska. Gud har hugnad i at menneska gjev sitt hjarte til Jesus, og takkar han.

Lovsong er ikkje ein musikkstil eller ei uttrykksform i song og musikk. Kva musikkinstrument som nyttast har heller inga betydning. Lovsong er ikkje noko som karismatiske kyrkjesamfunn har funnet opp, men har eksistert heilt sidan kong David si tid. Tradisjonelt er lovsong basert på takksemd og glede.

Å lovsynge utan eit sannferdig hjarte, vert berre fine ord. I djupaste forstand er lovsong å setje Jesus først i livet, å gå djupare inn i relasjon og intimitet med Gud. Lovsong er ein døropnar, nøkkel eller sjeleopnar og vår takk tilbake til Gud. I lovsongen kjem Gud nær.

(Kilde: honningdal.no / wikipedia.org /

Lovsongskveldane vi arrangerar vert som regel halde på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik, som er ein del av Quality Hotel Ulstein og ligg ved sjøkanten inn mot Ulsteinvisk sentrum. Vi nyttar eit stort amfi, godt tilrettelagd for konsertar, som har plass til omtrent 468 personar i salen.