Givarteneste

Økonomisk stønad til Lovsongskveldane, www.lovsong.com og arbeid i Guds rike på Ytre Søre Sunnmøre, og relaterte prosjekt.

Slik kan du gå fram for å støtte Lovsongskveldane økonomisk:

1) Internett:
Bank: Sparebanken Møre. Kontonamn: Lovsongskveld.
Konto nr.: 6567.10.06881

2) Betale inn til denne kontoen i ein bank:
Du kan sjølvsagt berre gå til banken og sette pengane inn på denne kontoen.

3) Betalingsblankett:
Om du vil ha betalingsblankett, så tak kontakt med David Muren på telefon 41142046 eller send e-post til: david.muren@gmail.com

4) Gi på ein av Lovsongskveldane:
Du kan også berre gi i kollekta på ein av Lovsongskveldane/arrangementa.


Visjon:
Å sjå eit levande, tilbedande Guds folk, og at nye skal bli kjente med Jesus. I fyrste omgong vil vi oppmuntre til einskap i bøn og tilbeding gjennom lovsongskveldar, og også gjennom andre aktivitetar som bygg Guds rike.

Litt økonomisk historie...
På fyrste Lovsongskvelden i Ulstein kyrkje fekk vi inn akkurat det vi trengte økonomisk. Etter neste Lovsongskveld i Hareid Kyrkje fekk vi starta opp ein konto i Sparebanken Møre som vi i fyrste omgong bestemte skulle vere dedikert til Kristent Arbeid på Ytre Søre. Med lave kostnadar på dårlig PA-utstyr fekk vi inn litt meir enn vi trengte i kollekta, så vi var istand til å velsigne det musikalske arbeidet i Hareid Kyrkje med litt pengar.

Dei to Tverrkyrkjelege lovsongskveldane:
Etter dei to fyrste utvida tverrkyrkjelege lovsongskveldane på Sjøborg, var vi takknemlige over å ha eit lite overskudd i «kassa» etter dekke av: Leige av Sjøborg med PA-anlegg, Lydteknikar, Annonsering, Plakatar, Etc.

Det meste av arbeidet vert gjort av frivillige.

Den noverande «sparegrisen»:
Ein del pengar gjekk ut i samband med promotering av TV Inter sitt arbeid på den 5. Lovsongskvelden i Stokksund i indre Herøy Kyrkje, der Roland Utbult var med å spele og song. Men dette visste vi, og vi ville gjerne vere med å støtte dette viktige TV arbeidet som når so mange i vårt land.

Pengar kjem heile tida godt med.
Med lite administrative kostnader, kan du vere med å bygge Guds rike her på Ytre Søre, og etterkvart kanskje andre stadar i verda også gjennom www.lovsong.com

Takk for eventuell gåve!


Økonomi-komiteen under
Lovsongskveld-komiteen.